Vindafjord kommune

Spennande stilling som helsefagarbeidar i heimetenesten!

Helsefagarbeidar

Ein av våre dyktige helsefagarbeidarar skal ut i permisjon og me søker etter helsefagarbeidar til 80,5% vikariat i ytre sone, med mogeligheit for fast tilsetjing i kommunen. 

Basekontoret til ytre sone er på Vindafjordtunet og gjer tenestar til heimebuande i Vats, Skjold og Vikebygd. Ytre sone gjer og tenster til dei som bur i omsorgsbustader på Vindafjordtunet.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Gi våre brukarar fagleg gode tenester.
  • Helsefaglege oppgåver som: God pleie, medisinsk observasjon, planlegga og utføra tiltak, prosedyrar, medikamenthandtering, primærgruppearbeid, ressursoppgåver, miljøterapi med meir.     
  • Ulike Velferdsteknologiske løysningar.
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
  • Vera i eit godt arbeidsmiljø.
  • Være med på å utvikling tenestane våre.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
  • Hjå oss vil du møte heimebuande med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med kroniske sjukdomar som krev langsiktig handsaming.
  • Årsturnus dag/kveld. Me har tilbod om langvakter for dei som ynskjer å prøve ut denne arbeidstidsordninga

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Kandidatar med interesse for velferdsteknologi oppfordrast til å søka.
  • Relevant vidareutdanning
  • Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Sertifikat for personbil klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Du vil yte gode tenester til heimebuande i Vindafjord kommune
  • Du er fagleg engasjert og held deg oppdatert
  • Du er ein pådrivar for å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar
  • Du bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet vårt
  • Du har eit ynskje om å arbeida med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov
  • Du er løysingsorientert og har gode evner til å samarbeida med andre rundt deg
  • Du liker og å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar
  • Du er fleksibel og ser nytte av å arbeida på tvers av sonene
  • Du i årsturnus dag/kveld og det er arbeid 16 helger i løpet av 52 veker.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål! Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjer ein forskjell innan eldreomsorga.

 Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/2114

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

24.06.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Kontaktpersonar:

Kitty Soltvedt

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 40415462

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: