
Spennande stilling som helsefagarbeidar i heimetenesten!
Helsefagarbeidar
Ein av våre dyktige helsefagarbeidarar skal ut i permisjon og me søker etter helsefagarbeidar til 80,5% vikariat i ytre sone, med mogeligheit for fast tilsetjing i kommunen.
Basekontoret til ytre sone er på Vindafjordtunet og gjer tenestar til heimebuande i Vats, Skjold og Vikebygd. Ytre sone gjer og tenster til dei som bur i omsorgsbustader på Vindafjordtunet.
Kva får du jobba med hos oss?
- Gi våre brukarar fagleg gode tenester.
- Helsefaglege oppgåver som: God pleie, medisinsk observasjon, planlegga og utføra tiltak, prosedyrar, medikamenthandtering, primærgruppearbeid, ressursoppgåver, miljøterapi med meir.
- Ulike Velferdsteknologiske løysningar.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
- Vera i eit godt arbeidsmiljø.
- Være med på å utvikling tenestane våre.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Hjå oss vil du møte heimebuande med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med kroniske sjukdomar som krev langsiktig handsaming.
- Årsturnus dag/kveld. Me har tilbod om langvakter for dei som ynskjer å prøve ut denne arbeidstidsordninga
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Kandidatar med interesse for velferdsteknologi oppfordrast til å søka.
- Relevant vidareutdanning
- Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
- Sertifikat for personbil klasse B
Personlege eigenskapar:
- Du vil yte gode tenester til heimebuande i Vindafjord kommune
- Du er fagleg engasjert og held deg oppdatert
- Du er ein pådrivar for å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar
- Du bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet vårt
- Du har eit ynskje om å arbeida med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov
- Du er løysingsorientert og har gode evner til å samarbeida med andre rundt deg
- Du liker og å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar
- Du er fleksibel og ser nytte av å arbeida på tvers av sonene
- Du i årsturnus dag/kveld og det er arbeid 16 helger i løpet av 52 veker.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål! Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjer ein forskjell innan eldreomsorga.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/2114
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
24.06.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Kontaktpersonar:
Adresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen