Vindafjord kommune

Er du opptatt av dokumentforvaltning og digitalisering?

Konsulent arkiv og servicetorg

Me søkjer ein nøyaktig og effektiv konsulent i 100% fast stilling ved avdeling kommunikasjon og service i Vindafjord kommune. Avdelinga sine ansvarsområder er servicetorg, arkiv og politisk sekretariat. Hos oss vil du få moglegheit til å jobba med varierte og spennande oppgåver, i ein avdeling som set samarbeid, kompetanseutvikling og trivsel høgt. Hovuoppgåvene vil vere knytta til arkiv, men i stillinga inngår det og oppgåver innan dei andre fagfelta på avdelinga.

Kva får du jobbe med hos oss:

  • Daglege driftsoppgåver innan arkivhald.
  • Kvalitetssikring i elektroniske arkiv.
  • Arbeid med digitale prosessar knytta til dokumentforvaltning og automatisering.
  • Support, støtte og opplæring i kommunens saksbehandlingssystem WebSak+.
  • Medvirkning i vidareutvikling av rutinar innanfor arkivområdet.
  • Andre arbeidsoppgåver som fell inn under avdelinga sine fagområder.

Me kan tilby:

  • Ein unik arkivfagleg utfordring i grenselandet mellom arkiv og IT i tillegg til andre spennande oppgåver.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i service- og administrasjonsfaget, IT-driftsfaget eller gjennomført arkivskolen. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav.
  • Det er ønskeleg med arkivfagleg bakgrunn og sterk IT forståing med kjennskap til digitale prosessar og elektroniske arkivløysingar.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning vil være ein fordel.
  • God kjennskap til relevant lovverk som arkivlova med forskrift, offentleglova og forvaltningslova.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Du er serviceinntilt.
  • Strukturert, nøyaktig og løysningsorientert.
  • Engasjert og har stor gjennomføringsevne.
  • God på samarbeid og kommunikasjon.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/2061

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.06.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Ølen

Kontaktpersonar:

Hilde Hellenes

mob: +47 91626948

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: