Vindafjord kommune

Helsefagarbeidar i skulen – ein viktig ressurs for elevar med behov for ekstra oppfølging

Helsefagarbeidar i skulen

Skjold skule har behov for ein helsefagarbeidar i 100% vikariat frå 1.8.25 - 31.7.26.

Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg helsefagarbeidar som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til elevar som treng ekstra oppfølging i skulen. Du blir ein viktig del av eit tverrfagleg lag der omsorg, læring og meistring står i sentrum. Skulen har elevar med ulike behov som krev ekstra tilrettelagt oppfølging og støtte gjennom skuledagen. Ein helsefagarbeidar kan gi viktig hjelp med dagleg stell og pleie, støtte ved måltid og medisinering, og bidra til å skape ein trygg og føreseieleg skulekvardag for dei elevane som treng det mest.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Individuell oppfølging av elevar med vedtak om helsefagleg støtte, og andre elevar som treng støtte i kvardagen
  • Praktisk hjelp knytt til dagleg hygiene, ernæring, medisinering, trivsel og læring
  • Delta i planlegging og oppfølging i samarbeid med lærarar og andre fagpersonar
  • Bidra til eit trygt og inkluderande skulemiljø
  • Rettleiing og samarbeid med kollegaer rundt elevens behov

 Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeidar
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og med høg grad av omsorg og respekt
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide tverrfagleg og vere ein god lagspelar.
  • Trygg i kommunikasjon med elevar, føresette og kollegaer.
  • Fleksibel, løysingsorientert og engasjert.
  • Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
  • Evne til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God relasjonskompetanse
  • Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/1796

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.05.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Skjold skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vikanesvegen 4 5574 Skjold

Kart: