Vindafjord kommune

Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønsker å gjer ein forskjell?

Helsefagarbeidar

Er du ein helsefagarbeidar som ønsker å gjer ein forskjell i kvardagen til bebuarane våre? På Vindafjordtunet får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø, med direkte påverknad på livskvaliteten til bebuarane våre. Me har ledig faste 80-100% stillingar som helsefagarbeidarar. Turnusordninga er dag/kveld, og me ønsker deg som ein del av vårt team.

Om Vindafjordtunet:

Vindafjordtunet består av tre avdelingar: somatisk langtidsavdeling med 14 plassar, samt demensomsorg delt i avdeling Sør og Nord med til saman 34 plassar. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Bidra direkte til å gi bebuarane våre gode tenester når dei treng det.
  • Helsefaglege oppgåver ; kartlegging, oppfølging, tiltak og medisinhandtering.
  • Samarbeid med pårørande.
  • Handtering av velferdsteknologi. 
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg utvikling og meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Gratis e-læringskurs på Veiledaren og NHI, samt fast fagdag/timar kvar 6. veke.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor: KOR'e Vindafjord
  • Helsefagarbeidarar på Vindafjordtunet får tilbod om lønn som er kr. 10.000,- (dag/kveld) og kr. 40.000,- (natt) over garantilønn i KS-områdets tariffavtale.
  • Ved relevant vidareutdanning kan det vurderast å gi kompetansetillegg. 60 studiepoeng kan gi kr. 20.000,- i kompetansetillegg.
  • Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter. 
  • Ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Me tenker at du:

  • Er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet, med bevissthet rundt korleis du sjølv påverkar kollegaene dine sin arbeidskvardag.
  • Søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og personell- er løysingsorientert
  • Er framoverlent og leitar etter rette tiltak for å gi gode tenester til bebuarane - bebuaren kjem først!
  • Har eit ønske om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
  • Har interesse for faget og held deg oppdatert.
  • Likar å finne nye måtar å arbeide på! 
  • Evner å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Trivest med til tider hektiske arbeidsdagar.
  • Er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane.
  • Set pris på og arbeidar for eit godt miljø med stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før oppstart. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/1747

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

18.05.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vindafjordtunet

Kontaktpersonar:

Bjørghild Lunde

tlf: +47 53655928

mob: +47 45879480

Hege Skeie

tlf: +47 53655912

mob: +47 90874992

Adresse:

Kårhusvegen 5 5578 Nedre Vats

Kart: