
Bli ein del av vårt engasjerte team - sjukepleiar til Vindafjordtunet!
Sjukepleiar
Er du ein sjukepleiar som ønsker å gjer ein forskjell i kvardagen til bebuarane våre? På Vindafjordtunet får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø, med direkte påverknad på livskvaliteten til bebuarane våre. Me har ledig faste 80-100% stillingar som sjukepleiar. Turnusordning kan vera dag/kveld eller natt, og me ønsker deg som ein del av vårt team.
Om Vindafjordtunet:
Vindafjordtunet består av tre avdelingar: somatisk langtidsavdeling med 14 plassar, samt demensomsorg delt i avdeling Sør og Nord med til saman 34 plassar.
Kva får du jobba med hos oss?
- Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu!
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppfølging av pasientane.
- Heilhetleg pleie, omsorg og medisinsk behandling.
- Samarbeid med pårørande.
- Handtering av velferdsteknologi.
- Rettleiing av og tverrfagleg samarbeid med kollegaer og studentar.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling av tenestene våre.
- Vera med å bygge sjukepleiarteam for betre teneste, samhandling, kollegaskap og arbeidsmiljø!
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg utvikling og meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Gratis e-læringskurs på Veiledaren og NHI, samt fagdagar organisert på Vindafjordtunet.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor: KOR'e Vindafjord
- Sjukepleiarar på Vindafjordtunet får tilbod om lønn som er kr. 25.000,- (dag/kveld) og kr. 40.000,- (natt) over garantilønn i KS-områdets tariffavtale.
- Med relevant vidareutdanning på minst 60 studiepoeng, vil me vurdera å gi stillingskode som spesialsjukepleiar.
- Ved anna relevant vidareutdanning kan det vurderast å gi kompetansetillegg. 60 studiepoeng kan gi kr. 20.000,- i kompetansetillegg.
- Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter.
- Kompensasjon om du er veiledar til student.
- Ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Arbeidstidsordningar:
Vindafjordtunet har årsturnus med ulike arbeidstidsordningar. Me kan tilby ordinære vakter, langvakter eller ein kombinasjon av disse.
Ein kan òg kombinere natt med vakter på dag/kveld.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Stillingskode som spesialsjukepleiar krev relevant vidareutdanning på minimum 60 studiepoeng.
- God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Me tenker at du:
- Er framoverlent og leitar etter rette tiltak for å gi gode tenester til bebuarane.
- Har eit ønske om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
- Har interesse for faget og held deg oppdatert.
- Likar å finne nye måtar å arbeide på.
- Evner å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Trivest med til tider hektiske arbeidsdagar.
- Er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane.
- Set pris på og arbeidar for eit godt miljø med stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før oppstart.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/1746
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
18.05.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Vindafjordtunet
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.vindafjord.kommune.no/helse-og-velferd/pleie-og-omsorg/omsorgssenter/vindafjordtunet/Adresse:
Kårhusvegen 5 5578 Nedre Vats