Vindafjord kommune

Vi har fått mange gode kandidatar, men treng fleire badevakt ved Vindafjordhallen symjehal!l

Badevakter ved Vindafjordhallen symjehall

I 2025 opnar Vindafjord kommune ein heilt ny symjehall i Vats. Det er to basseng, sklie og flotte fellesområde, samt fasilitetar for tilsette. Vi søkjer no badevaktar som skal bidra til tryggleik for besøkande og at symjehallen skal bli eit felles samlingspunkt for heile kommunen. Du må like å jobbe i team og det er viktig å bidra der det trengs for å sikre god drift av symjehallen. 

Vi har behov for fleire stillingar og ber om at du i søknad spesifiserer kva stillingsprosent du ynskjer. Me har også ute stillingar som reinhaldar ved Vindafjordhallen symjehall. Stilling som badevakt og reinhaldar kan kombinerast.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Badevakt for publikumsbading
  • Noko reinhald og klargjering av symjehall, garderobar og fellesområde
  • Kundeservice og sal av billettar
  • Førefallande arbeid.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Gode symjeferdigheiter
  • Teknisk forståing
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

Du må vere over 18 år og stille med politiattest. 
Opplæring vil bli gitt, men du må vere symjedyktig og kunne dykke ned på botn av basseng. Dersom du har relevant erfaring og utdanning er dette positivt, men ikkje naudsynt. Du blir gitt førstehjelpskurs og livredningskurs før tiltredelse. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/1682

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

11.05.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vindafjord symjehall

Kontaktpersonar:

Berit Fyljesvoll Haugsland

mob: +47 91350468

Mangor Bårdsen

Stilling: Dagleg leiar Vindafjordhallen basseng

mob: 90838704

Adresse:

Østbøvegen 2 5585 Sandeid

Kart: