Vindafjord kommune

Er du trygg i stormen og strukturert i kvardagen? Då er dette stillinga for deg!

Beredskap- og kvalitetsrådgjevar

Vil du jobba med noko som verkeleg betyr noko? Me søker ein engasjert og strukturert beredskap- og kvalitetsrådgjevar i nyoppretta 100 % fast stilling. Dette er ei spennande og viktig rolle der du får ansvar for det overordna beredskapsarbeidet i kommunen, samtidig som du bidreg til systematisk kvalitetsforbetring og digitalisering av arbeidsprosessar. 

Som beredskap- og kvalitetsrådgivar vil du spele ei nøkkelrolle i å sikre at kommunen er godt førebudd på ulike hendingar og krisesituasjonar. Du vil også jobbe tett med kvalitetsarbeid i organisasjonen, der oppfølging av avvik, forbetringsarbeid og digitalisering står sentralt. 

Stillinga vil bli plassert under rammeområdet organisasjon. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Det overordna ansvaret for beredskapsarbeidet i kommunen – du utviklar, oppdaterer og følgjer opp beredskapsplanar, ROS-analyse og krisehandtering.
  • Koordinering av øvingar og opplæring innan beredskap for tilsette og leiarar.
  • Oppfølging av kvalitetsarbeid, der du jobbar med avvikshandtering, forbetringsarbeid og kontinuerleg utvikling av tenestene.
  • Systematisk HMS-arbeid – du har ansvar for risikovurderingar, vernerundar, dokumentasjon og etterleving av HMS-lovverk.
  • Digitalisering og utvikling av verktøy for beredskap, kvalitet og HMS.
  • Samarbeid med ulike einingar, regionale og nasjonale aktørar innan beredskap og kvalitet.
  • Rettleiing og støtte til leiarar og tilsette i spørsmål om beredskap, kvalitet og HMS.
  • Sikring av at kommunen følgjer lovpålagde krav og held høg standard i tenestene.
  • Andre oppgåver kan bli aktuelle, avhengig av behov og kompetanse.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne innan samfunnstryggleik, HMS, offentleg administrasjon eller liknande. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. 
  • Erfaring med systematisk HMS-arbeid og kjennskap til relevante lover og forskrifter (arbeidsmiljølova, internkontrollforskrifta m.m.) 
  • God kunnskap om og erfaring med beredskap, ROS-analyse og krisehandtering 
  • Kjennskap til kvalitets- og forbetringsarbeid i offentleg sektor 
  • Erfaring med digitalisering og bruk av digitale verktøy for oppfølging av HMS, kvalitet og beredskap 
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Analytisk og strukturert – Du har evne til å arbeide systematisk, sjå samanhengar og finne løysingar som gir betre tryggleik og kvalitet i organisasjonen.
  • Initiativrik og sjølvstendig – Du tek ansvar og set i gang nødvendige tiltak utan å vente på at andre gjer det først.
  • God gjennomføringsevne – Du held framdrift i prosessar og sørgjer for at planverk, tiltak og forbetringar blir følgd opp i praksis.
  • Evne til å samarbeide på tvers – Du trivst med å jobbe med ulike fagmiljø, både internt og eksternt, og bygg tillit gjennom god kommunikasjon.
  • Trygg i krevjande situasjonar – Du held hovudet kaldt under press og er ein god støttespelar i handtering av akutte hendingar.
  • Forbetringsorientert og framtidsretta – Du ser moglegheiter for utvikling og bidreg aktivt til å digitalisere og effektivisere prosessar.
  • God formidlingsevne – Du kan formidle komplekse tema på ein forståeleg og overtydande måte, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/1745

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.05.2025

Tiltreding:

Oppstart etter avtale

Arbeidsstad:

Rådhuset i Ølen

Kontaktpersonar:

Ingebjørg Rullestad Gjerde

Stilling: Kommunalsjef organisasjon

mob: +47 41692867

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: