
Lærar på ungdomstrinnet
Frå hausten av har me ledige lærarstillingar i ulike stillingsstorleikar, heiltid og deltid. Stillingane er faste.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling på ungdomstrinnet.
Kvalifikasjonar:
- Lærarutdanning (5.-10. eller 8.-13) eller anna relevant undervisningskompetanse.
- Det er eit ynskje at den som søkjer har erfaring med å undervise på ungdomstrinnet.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg klasseleiar
- Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
- Evne til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling
- Strukturert og sjølvstendig
- God relasjonskompetanse
- Fleksibel og løysningorientert
- Positiv og utviklingsorientert
- Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette
Personleg eigenhet vektlegges særleg
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/1680
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
05.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Skjold skule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/skjold-skule/Adresse:
Vikanesvegen 4 5574 Skjold