Vindafjord kommune Heimetenesta

Me har spennande stillingar i heimetenesta for deg som er sjukepleiar!

Sjukepleiar

Heimebaserte tenester er i utvikling og me treng å tilsette ein dyktig, fleksibel og engasjert sjukepleiar i 80-100 % fast stilling i indre sone.

Heimetenestene i Vindafjord kommune har basekontor i Ølen og Nedre Vats og gir tenester til brukarar som bur heime.

Basekontoret til indre sone er på Ølen omsorgssenter og me gir tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Gi våre brukarar fagleg gode tenester.
  • Helsefaglege oppgåver som: God pleie, medisinsk observasjon, planlegga og utføra tiltak, prosedyrar, medikamenthandtering, primærgruppearbeid, ressursoppgåver, miljøterapi med meir.     
  • Ulike Velferdsteknologiske løysningar.
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
  • Fagleg vekst og utvikling i eit godt arbeidsmiljø.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg vekst og utvikling.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
  • Hjå oss vil du møte heimebuande med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med kroniske sjukdomar som krev langsiktig handsaming.
  • Årsturnus dag/kveld. Frå 2026 vil en starte opp med langvakter i turnus for tilsette som ønskje å prøve ut denne arbeidstidsordninga.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Kandidatar med interesse for velferdsteknologi oppfordrast til å søka
  • Relevant vidareutdanning
  • Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Sertifikat for personbil klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Vil yte gode tenester til heimebuande i Vindafjord kommune
  • Du er fagleg engasjert og held deg oppdatert
  • Vil vera ein pådrivar for å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar
  • Bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet vårt
  • Har eit ynskje om å arbeida med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov
  • Du er løysingsorientert og har gode evner til å samarbeida med andre rundt deg
  • Liker og å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Trives med til tider hektiske arbeidsdagar
  • Er fleksibel og ser nytte av å arbeida på tvers av sonene

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/1239

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

27.04.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Heimetenesta indre sone

Kontaktpersonar:

Kitty Soltvedt

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 40415462

Synnøve Eikeland Steinsland

Stilling: Avdelingsleiar

tlf: +47 53656052

mob: +47 48164275

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: