Vindafjord kommune

Superhelter søkes!

Barne- og ungdomsarbeidarar i barnehage

Frå august har me behov for  barne- og ungdomsarbeidarar i fleire av dei kommunale barnehagane i Vindafjord.Det er både faste og vikariat i heile eller reduserte stillingar. Du vil vera ansvarleg for å støtte barnas utvikling gjennom leik og læring, samt samarbeida med foreldre/føresette og kollegaer. Våre barnehagar set barnas beste i fokus. Vårt mål er å skape eit trygt og stimulerande miljø, kor barn kan utforske, lære og vekse. Me verdsett kreativitet, leik og læring og er stolt av jobbe me gjer.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Du får jobba med kommunikasjon, samspel, leik, utforsking og leik med barna
  • Du får vera med å organisera og leie pedagogsike og eikbaserte aktivitetar
  • Du får vera med å veilede og hjelpe barna til å blir meir sjølvstendige
  • Du får vera med å evaluera og tilpassa aktivtetar basert på barnas behov og utvikling

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande utdanning
  • relevant erfaring med arbeid med barn er ein fordel
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Du er omsorgsfull og empatisk
  • Du er tolmodig og roleg i utfordrande situasjonar
  • Du er kreativ og og initiativrik
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Du kan jobbe sjølvstendig og i team

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/1172

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

24.04.2025

Tiltreding:

14.08.2025

Arbeidsstad:

Vindafjord kommune

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: