Vindafjord kommune

Vil du gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?

Barnehagelærarar og pedagogiske leiarar

Frå august vil me ha behov for barnehagelærarar og pedagogiske leiarar i fleire av dei kommunale barnehagane i Vindafjord. Det er både faste og vikariat i heile eller reduserte stillingar.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Du får det pedagogiske ansvaret på avdelingen eller i barnehagen.
  • Du sørge for at barnehaglova og rammeplanen oppfylles gjennom det pedagogiske arbeidet.
  • Du leiar det daglege arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarna og barnegruppa.
  • Du utvikle og implementerer i samarbeid med styrar/einingsleiar, pedagogiske aktivitetar som fremmer barnas læring og utvikling.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Du er utdanna barnehagelærar eller tilsvarande.
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Du har evna til å handtere utfordrande situasjonar roleg og med forståing
  • DU viser empati og omsorg for barnas behov og trivsel
  • Du tek anvsar for eigne oppgåver
  • Du kan jobbe sjølvstendig og i team
  • Du har evna til å tilpasse deg ulike situasjonar i barnehagen

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/1171

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

24.04.2025

Tiltreding:

14.08.2025

Arbeidsstad:

Vindafjord kommune

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: