
Sjukepleiar til legevakt
Etne og Vindafjord legevakt søkjer sjukepleiar – fast helgejobb
Sjukepleiar til legevakt – vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?
Fast helgestilling – Etne og Vindafjord legevakt
Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggjarane våre – akkurat når dei treng det mest? Me søkjer deg som ønskjer å kombinere faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter.
Kvifor jobben betyr noko
Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg – kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet – og kvar vakt utgjer ein skilnad.
Kva får du med å jobbe hos oss?
Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst.
Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus.
Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid.
Stillinga er fast, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogeleg.
Me kan tilby:
- Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget
- Eit fagmiljø som støttar deg – både i startfasen og vidareMoglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan
- Tilrettelegging for stipend ved relevant kompetanseutvikling
- Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø
- Gratis parkering, treningsrabatt, gunstig mobilabonnement
- Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar
- Lønn etter tariff
Hovudarbeidsoppgåver
- Jobbe i team med lege på vakt
- Prioritere rett pasient til rett tid. Ta anamnese og vurdera tiltak
- Ivareta pasient og pårørande ved behov
- God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen
- Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller
- Laberatoriearbeid
Kvalifikasjonar
Du er autorisert sjukepleiar –med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt. Sjukepleier utan vidareutdanning kan også søkje. Viktigare er det at du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt – også når det hastar.
Du må kunne norsk godt, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/1238
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
22.04.2025
Tiltreding:
20.06.2025
Arbeidsstad:
Vindafjord beredskapsenter
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen