
Er du vår nye fastlege?
Fastlege ved Vikedal legekontor
Me søkjer deg som er ansvarleg, handlekraftig, fleksibel og som likar å arbeide med mennesker.
Vikedal legesenter søkjer ein dedikert, fagleg sterk, ansvarleg og fleksibel fastlege til å overta ein fastlegehjemmel i vakre Vindafjord kommune. Som fastlege ved Vikedal legesenter får du moglegheiten til å jobbe i eit triveleg og stabilt arbeidsmiljø, med stor grad av sjølvstende og moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil gå inn i ein attraktiv 8.2 avtale med gode vilkår, der basistilskot, eigenandelar og refusjonar påfell fastlegen, mot at fastlegen betalar ein månadleg sum på driftskostnader. Kommunen held i drift, personell og IT på legesenteret.
Om stillinga:
- Fastlegeheimel ved Vikedal legekontor.
- Gruppepraksisen består av to legehjemlar.
- Fast tilsetjing på attraktiv 8.2 avtale.
- Gode vilkår og arbeidsforhold.
- Fastlegelista er godt etablert og har 1000 innbyggjarar på lista.
- Kontoret har dyktig og etablert hjelpepersonell.
- 30% av stillinga vil gå til å vere tilsynslege ved Sandeid fengsel, noko som gir fleksibilitet og eit spanande ansvar å ha, med mykje læring.
- Ei solid interkommunal legevaktordning som ivaretar turnus ihht arbeidsmiljøloven og har 17-dels vaktordning.Legevakta er interkommunal med Etne kommune og har gode fasiliteteter samlokalisert med Ølen legekontor.
Me kan tilby:
- Gode økonomiske vilkår med fastlegeavtale.
- Vindafjord kommune er godkjent som utdanningsvirksomhet.
- Kommunen tilbyr muligheit for spesialisering (ALIS).
- Variert arbeid i eit positivt miljø.
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
- God opplæring og samarbeid med andre.
- Rabatt på treningssenter.
- Bedriftskunstlag.
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no).
- Gode moglegheiter for balanse mellom arbeid og fritid i naturskjønne omgivnader.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Fastlege oppgåver
- Pliktig deltaking i Interkommunal legevakt
- 17-delt vaktbelastning med bemanna legevaktsentral og god fastløn for vaktarbeide
- Tilsynslege 30% stilling ved Sandeid fengsel.
- Tverrfagleg samarbeid med anna helsepersonell og legar ved Ølen legekontor.
Kvalifikasjonar:
- Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
- Fylle krava til Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse – og omsorgstenest
- Norsk autorisasjon
- God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge som lege
- Gode ferdigheter i kommunikasjon og samhandling
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg
- Legekontoret og legevakta nyttar Hove total journalsystem/pasientsky.
- Legen må ha førarkort og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar:
- Du må lika å arbeida sjølvstendig og ta ansvar.
- Du må ha evne til fleksibilitet, handlekraft,vera omgjengeleg og trivast med almennmedisinsk arbeid.
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Litt om Vindafjord kommune:
Vindafjord kommune er eit område med imponerande natur, inkludert fjordar og fjell, som gir eit fantastisk grunnlag for både arbeid og fritid. Kommunen har eit sterkt lokalsamfunn, eit variert kulturliv og gode tilbod for både barn, vaksne og eldre. Vindafjord ligg sentralt i Rogaland, med korte avstandar til større byar som Haugesund og Stavanger.
Legetenesta i Vindafjord kommune:
Kommunen har totalt 3 velfungerande legekontor, (Vikedal legekontor,Ølen legekontor og Vindafjord legesenter.) Totalt 12 fastlegar + 1 Lis 1 lege.
For meir info om stillinga, ta kontakt med:
- Maren T Hustoft 92482820 - Einingsleiar helse - Maren.Hustoft@vindafjord.kommune.no
- Terje Kleiven - tlf 93438664 - Kommuneoverlege -Terje@isvik.no
- Inga Cecilie Sørheim -tlf 98445422 - Fastlege Vikedal legekontor -inga.sorheim@gmail.com
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering
Del på:
Referansenummer:
25/772
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
21.04.2025
Tiltreding:
01.04.2025
Arbeidsstad:
Vikedal legekontor
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen