
Vil du utgjere ein forskjell for barn og unge? Bli helsesjukepleiar i Vindafjord kommune!
Helsesjukepleiar
Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar som brenn for å fremje helse og trivsel blant barn, unge og familiar? Då kan du vere den me leitar etter!
Vindafjord kommune søkjer ein dyktig og dedikert helsesjukepleiar i 100 % fast stilling. Me tilbyr ein spanande og variert arbeidskvardag der du får moglegheit til å jobbe førebyggjande og helsefremjande i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø. Stillinga er ledig frå 01.06.25.
Kva får du jobba med hos oss?
- Helsefremjande og førebyggande arbeid ift nasjonal faglige retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta
- Arbeid i skulehelsetenesta, derav samtaletid på skulane,undervisning i klassane og veiledning av foreldre og lærerar
- Vaksinering
- Arbeid på Helsestasjon for ungdom kan vera aktuelt
- Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som jobbar med barn og unge
- Oppfølging av minoritetspråkelege/flyktningar
- Arbeidsoppgåvene knytt til helsestasjonsarbeid 0-5 år kan bli aktuelt på sikt
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Helsesjukepleiar som arbeider på helsestasjonen og som har stillingskode som helsesjukepleiar, vil lønnast kr. 20.000 over KS si garantilønn.»
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie.
- Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjerar, kan sjukepleiar med anna relevant vidareutdanning og/eller erfaring med arbeid knytt til barn og unge bli vurdert.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Det er ynskeleg med:
- Mastergrad i helsesjukepleie.
- Erfaring som helsesjukepleiar.
- Kjennskap til dokumentasjonssystemet HSpro.
- Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale faglege retningslinjer for skulehelsetjenesta.
Personlege eigenskapar:
- Evne til sjølvstendig strukturert arbeid,nytenking og samarbeid, er blant dei eigenskapene me ser som sentrale for å trivas og lukkas som helsesjukepleiar.
- Målretta og fagleg engasjert.
- Gode relasjons og kommunikasjonseigenskaper.
- Fleksibel og løysingsorientert.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/785
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.03.2025
Tiltreding:
02.06.2025
Arbeidsstad:
Rådhuset i Ølen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen