Vindafjord kommune

Spennande engasjement som

Familierettleiar

Me søkjer nå 100% stilling som familierettleiar. Her får DU muligheiten til å jobbe i eit team med brei kompetanse og god erfaring. Stillinga er eit midlertidleg vikariat frå snarast og i første omgang ut året.

Om familieteamet:

Vindafjord Helsestasjon og Etne Vindafjord barnevernteneste skipa i 2017 eit felles familieteam som yter heilskapelege og spesialiserte tenester etter helselovgivinga til dei familiane som ynskjer det, samd endringstiltak og fosterheimsoppfølging etter barnevernlova. Ein legg vekt på  samarbeid med dei andre barne- og familietenestene.

Teamet består av 8 årsverk.

Familieteamet er organisert under eining helse og har arbeidsstad på Rådhuset. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Klinisk arbeid med foreldrerettleiing og familiesamtalar, samt individuell oppfølging av barn og ungdom.
  • Utviklingstøttande og målretta endringsarbeid i familiar på arenaer som lågterskelsaker i helse, tiltaksaker i barnevern og forsterheimsoppfølging. 
  • Journalføring av arbeid, samt rapportering til barnevernet i tiltakssaker frå barnevernet.Samarbeid med andre instansar i kommunen og spesialisthelsetenesta.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Helse-, barnevern- eller sosialfagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå.
  • Andre relevante utdanningar kan bli vurdert.
  • Det er ønskeleg at du har vidareutdanning/etterutdanning i familieterapi, psykisk helsearbeid eller liknande fagområder.
  • Det er ein fordel med rettleiingskompetanse.
  • Førarkort klasse B.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

Me vektlegg gode kommunikasjonsferdigheter. At ein likar å jobbe med mennesket, å vera ein omsorgsperson og ha gode samarbeidsevner. At du er engasjert og tillitsvekkande. Ein vektlegg også evnen til å vera klartenkt og tydeleg, samt å jobbe i prosess.

  • Det er dokumentasjon og journalplikt, så det vil bli lagt vekt på god evne til både skriftleg og muntleg kommunikasjon. Skriftspråket i kommunen er nynorsk
  • Ein må kunne jobbe strukturert både sjølvstendig og som eit team.

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/771

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.03.2025

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Ølen

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: