Vindafjord kommune

Likar du å jobba i eit godt fagmiljø med høgt tempo og varierte oppgåver?

Spesialkonsulent HR og lønn

Er du nøyaktig, strukturert og trivst med tal? Ønskjer du ein variert jobb der du spelar ei nøkkelrolle i å sikre at tilsette får rett lønn til rett tid? Då kan dette vera stillinga for deg!

Som spesialkonsulent i 100 % fast stilling hos oss får du vere med i arbeidet for HR og lønnsområdet saman med dyktige kollegaer. Du blir ein viktig støttespelar for leiarar og tilsette, samtidig som du sikrar kvalitet og kontroll i alle prosessar. Dette er ei stilling for deg som likar ansvar, tek initiativ og trivst i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og fagleg utvikling.

Avdeling HR og lønn er organisert under kommunalsjef organisasjon, og me er fem tilsette som jobbar tett saman. I ein liten kommune får du jobbe med heile breidda av faget, og du vil raskt få mykje ansvar. Me har eit godt klima for samarbeid og kompetansedeling, og vi gler oss til å få ein ny kollega inn i jobbfamilien vår!

Kva får du jobba med hos oss?

  • Lønnsarbeid – Du vil få medansvar for lønnsområdet saman med kollegaene dine og handtere oppgåver knytt til lønnskøyring.
  • Fråværsoppfølging og refusjonshandtering - Behandle sjukepengar og foreldrepengar, følge opp refusjonar og ha dialog med NAV.
  • Oppdatering av lønnssystem - Du vil vedlikehalde opplysingar om tilsette, endringar av stillingar og satsar.
  • Rettleiing og støtte – Du gir råd og rettleiing til leiarar og tilsette i spørsmål om lønn, frå A til Å.
  • Rapportering og kontroll – Du arbeider med rapporteringar, A-meldingar og pensjonsrapportar.
  • Digitalisering og systemansvar - Du skal bidra til digitalisering i kommunen og ha systemansvar for fleire av avdelinga sine system.

I ein liten kommune må ein ofte vere allsidig og kunne hoppe inn i ulike oppgåver etter behov. Fleksibilitet og evne til å samarbeide på tvers av fagområde er difor viktig!

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning og erfaring – Fortrinnsvis treårig relevant høgare utdanning, men relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet (stillingskode vil då vere konsulent). Erfaring frå lønnsområdet er ein fordel.
  • God digital kompetanse og forståing for relevante løysingar innan HR og lønn.
  • Gode kommunikasjonsevner – Du kan formidla informasjon tydeleg, både munnleg og skriftleg på nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig og strukturert – Du trivst med tal, jobbar detaljorientert og sikrar høg kvalitet i arbeidet ditt.
  • Initiativrik og sjølvgåande – Du lærer raskt, tek ansvar og bidreg aktivt med idear og forbetringar.
  • Gode samarbeidsevner – Du kommuniserer godt og byggjer gode relasjonar med både tilsette og leiarar.
  • Høg arbeidskapasitet – Du trivst i eit hektisk miljø med mange henvendelsar og evnar å handtere fleire oppgåver samtidig.
  • Engasjert og positiv – Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og ønskjer å utvikle både deg sjølv og avdelinga vidare.
  • Lagspelar med høg arbeidsmoral – Du er påliteleg, samarbeidsvillig og positiv, og du bidreg til eit godt samhald i teamet.

Personlege eigenskapar vil bli nøye vurderte i tilsetjingsprosessen.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/663

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.03.2025

Tiltreding:

01.04.2025

Arbeidsstad:

Rådhuset i Ølen

Kontaktpersonar:

Ingebjørg Rullestad Gjerde

mob: +47 41692867

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: