
Ønskjer du å gjere ein skilnad i kvardagen? Har du eit kaldt hovud og varmt hjarte?
Miljøterapeut i barneverntenesta (100% vikariat)
Er du miljøterapeut med eit ønskje om å gjere ein skilnad i kommunane våre?
I barneverntenesta arbeider me etter lov om barnevern og etter prinsippet om «barnets beste». Me har som overordna mål å gje rett hjelp til rett tid. I vår kvardag er me opptekne av å undersøke høva til born og unge i kommunen og tilby tiltak som kan avhjelpe bornet og familien sin situasjon. Me ønskjer å gje våre innbyggjarar i Etne og Vindafjord kommune dei beste forutsetningane for å lykkast!
Vindafjord kommune søkjer ein engasjert miljøterapeuter i 100% vikariat med tilsetjing omgåande og med tidsperspektiv fram til 01.03.26. Me søkjer nokon som har eit ønskje om å hjelpa andre, og som kan bidra til å skapa eit positivt miljø for våre brukarar. Me ser etter deg som er ein lagspeler og har eit positivt menneskesyn. Du er trygg og tillitsvekkande og evner å sjå gode løysningar. I kvardagen meistrar du å skape strukturerte, effektive dager, samstundes som du er oppteken av å yte og levere kvalitet. Som miljøterapeut er det ein avgjerande eigenskap å kunne danne relasjonar til både brukarar og samarbeidspartnarar.
I arbeiddet som miljøterapeut i barneverntenesta møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Dette forutsett gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å handtere og tåle konflikter og sterke kjensler.
Etne Vindafjord barnevernteneste er samansett av ulike team, og miljøterapeutstillinga er ein del av tiltaksteamet som kallast miljøteamet. Kontaktperson (sakshandsamar) i ein av dei andre teama i tenesta utarbeidar bestillingar til miljøteamet som skildrar situasjonen til familien og målsettingar for den miljøterapeutiske oppfølginga.
Tenesta har fokus på oppfølging av dei tilsette både i høve til deira faglege utvikling, oppfølging i sakene og personleg utvikling. Dette føregår i individuell rettleiing, fagmøte i team, fagutvikling for team eller heile tenesta og i fellesskapet med kollegaer.
Me treng nokon som evnar å jobbe målretta og som kan konkretisere og dokumentere arbeidd og utvikling i saker. Barneverntenesta har ei omfattande dokumentasjonsplikt og ein må vera førebudd på kontinuerleg skrivearbeid som ein del av kvardagen.
Arbeidsoppgåver:
- Endringsarbeid og rådgjeving til familiar i ulike livssituasjonar.
- Oppfølging av kompenserande tiltak i familiane.
- Gjennomføre individuell og gruppebasert praktisk oppfølging for brukarar som treng støtte.
- Oppfølging av saker som inneber samtaler med born, foreldre og observere samspel ved heimebesøk
- Tverrfagleg samarbeidsmøter med ulike instansar
- Skriftleg dokumentasjon av prosessar, tiltak og vurderinger
- Tett kontakt med kontaktperson i barneverntenesta
- Arbeidet utførast i hovudsak på dagtid, men nokon timar ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast vekentleg. Helgearbeid vil ikkje foregå på fast basis, men i enkelte saker kan det vera behov for at ein også må gje oppfølging i helg.
Kvalifikasjoner:
- Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i barnevern eller sosionom. Andre utdanningar kan vurderast.
- Erfaring frå arbeid med barn og familier i barnevernstenesta vil vera ein fordel
- God formidlingsevne i norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Personlege kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Det må framvisast politiattest for å jobbe i barneverntenesta.
Personlege eigenskapar:
- Trygg og tillitsvekkande.
- Positiv og løysingsorientert.
- Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag.
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team.
- Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling.
- Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert.
- Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer.
- Ei god kollega og ei støtte for dine medarbeidarar.
- Opptatt av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Hjå oss får du:
- Ein spennande stilling i ein kommune som har fokus på å gje god oppfølging til våre tilsette.
- Du vil få moglegheita til å jobba med utfordrande, meiningsfylte oppgåver.
- Fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv
- Ein arbeidsplass med godt kollegafelleskap med stor trivnad og godt humør
- Sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer
- God opplæring og moglegheit for ulike former for kompetanseheving
- Konkurransedyktig løn innanfor fagområde
Som tilsett i Vindafjord kommune får du:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/640
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.03.2025
Tiltreding:
01.04.2025
Arbeidsstad:
Ølen
Kontaktpersonar:
Turid Askeland
mob: 92094199
Adresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen