
Har du eit kaldt hovud og varmt hjarte? No kan DU vera med å gjera ein forskjell.
Kontaktperson barneverntenesta (100% vikariat)
Er du engasjert i barn og unge og vil ha ein meiningsfull og viktig jobb? Det er ledig eitt vikariat 100% stilling som kontaktperson i Etne Vindafjord barnevernteneste i perioden 01.05.25-31.07.26.
Etne Vindafjord barnevernteneste er samansett av ulike team:
- Melding, undersøking og hjelpetiltak (MUT).
- Omsorg (oppfølging av barn i fosterheim og andre plasseringar utanfor heimen) og ettervern (oppfølging av ungdom mellom 18 og 25 år).
- Miljøteam: Tiltaksteam med miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Barneverntenesta mottek rettleiingstiltak frå Familieteamet i kommunen.
Denne stillinga er fortrinnsvis tenkt til team for melding, undersøking og tiltak, men tenesta tilpassar team etter behov og kompetanse fortløpande.
Hjå oss er me opptekne av brukarmedverknad, samarbeid med familien og barnets stemme. Dette forutsett at våre tilsette har gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å danne relasjonar og har eit positivt menneskesyn.
I arbeiddet i barneverntenesta møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Dette forutsett gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å handtere og tåle konfliktar og sterke kjensler.
Kvardagen i barneverntenesta er prega av varierte dagar, både i høve til arbeidsoppgåver og tidspress. Ein må trivast med eit høgt tempo og evne å strukturere sin eigen arbeidskvardag. Som kontaktperson i barneverntenesta må ein vera robust og ha fokus på sjølvivaretaking. Tenesta er opptekna av oppfølging av dei tilsette både i høve til deira faglege utvikling, oppfølging i sakene og personleg utvikling. Dette føregår i individuell rettleiing, fagmøte i tenesta, fagutvikling for team eller heile tenesta, og i fellesskapet med kollegaer.
Arbeidet utførast i hovudsak på dagtid, men nokon timar med ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast.
Me treng nokon som evnar å jobbe målretta og som kan konkretisere og dokumentere arbeidd og utvikling i saker. Barneverntenesta har ei omfattande dokumentasjonsplikt og ein må vera førebudd på kontinuerleg skrivearbeid som ein del av kvardagen.
Godt arbeidsmiljø er ein viktig føresetnad for å gjere ein god jobb, å gje god oppfølging til brukarane våre og å utvikle seg fagleg. Etne Vindafjord barnevernteneste mottok i 2024 arbeidsmiljøprisen for Vindafjord kommune og me jobbar målretta med å ha eit positivt og ivaretakande arbeidsmiljø.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming knytt til barnevernlova og oppfølging av enkeltsaker.
- Følgjer opp undersøkingar eller tiltak i MUT eller fosterheimar og andre plasseringar i Omsorg.
- Oppfølging av saker inneber samtalar med barn, samtalar med foreldre, observasjonar av samspel, heimebesøk og tilsynsbesøk.
- Deltaking i og leiing av samarbeidsmøte med instansar.
- Skriftleg dokumentasjon av barneverntenesta sitt arbeid og våre vurderingar fortløpande.
- Førebuing til og vitnemål i rettsprosessar for nemnd og tingrett.
Kvalifikasjonar:
- Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i barnevern eller sosionom. Andre relevante utdanningar kan vurderast, og personlege kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt.
- God formidlingsevne i norsk, munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B og moglegheit for å disponera eigen bil. Eininga har i tillegg bilar til disposisjon.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Det må framvisast politiattest for å jobba i barneverntenesta.
Personlege eigenskapar:
- Trygg og tillitsvekkande.
- Positiv og løysingsorientert.
- Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag.
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team.
- Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling.
- Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert.
- Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer.
- Ei god kollega og ei støtte for dine medarbeidarar.
- Opptatt av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me kan tilby:
- Eit kollegafellesskap som består av engasjerte og faglege sterke sosialarbeidarar som er opptekne av å gjere ein forskjell for familiane me jobbar med og for å skape ein god arbeidsplass.
- God opplæring over tid og tilbod om relevant fagleg påfyll og moglegheit for ulike former for kompetanseheving. Til dømes vidareutdanningar og ulike kurs og sertifiseringar.
- Tilhøyra i eit team der ein får drøfte faglege synspunkter og utfordringar, samt lære av kvarandre.
- Tett oppfølging frå kollegaer i kvardagen og jamleg individuell rettleiing, både i opplæringa og i arbeidskvardagen vidare.
- Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv.
Som tilsett i Vindafjord kommune:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/639
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
17.03.2025
Tiltreding:
01.05.2025
Arbeidsstad:
Ølen
Kontaktpersonar:
Turid Askeland
mob: 92094199
Adresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen