Vindafjord kommune

Spennande sommarjobb ved legekontor og legevakt

Gjer ein forskjell i helsevesenet denne sommaren!

Ynskjer du ein meiningsfull sommarjobb? les vidare!

Me lyser ut spennande sommarjobb ved Ølen legekontor og Etne og Vindafjord legevakt. Dette er ein jobb med faglige utfordringar i eit pulserande miljø. Du er omgitt av dyktige medarbeiderar i flotte nye lokaler. Me er samlokalisert med Brann og redning og Ambulanse tenesta.

Me lyser ut:

  • 80-100% sjukepleiar på Etne/Vindafjord legevakt.
  • 80-100% hjelpepersonell ved Ølen legekontor.
  • Vikariat er ledig i perioden 16.06-17.08.
  • Mindre stilling og/eller kortare arbeidsperiode kan vera aktuelt.

I søknaden må du opplysa om kva eining og tenestestad du helst vil arbeida. Det er ynskjeleg at du gir opp referanse frå evt. annan arbeidsstad i søknaden.

Hovudarbeidsoppgåver:

Pasienthandtering, arbeid på laboratoriet, betjening på telefon.

Arbeidstid på legevakta er måndag til fredag: kl 15.30 - 23.00 og på helg todelt vakt fra kl. 08.00 - 16:00 og 15:30 - 23:00.

Legekontora har arbeidstid 08:00 - 15.30.

Kvalifikasjonar:

  • Ved legevakt er det behov for sjukepleiar med norsk autorisasjon.
  • Ved legekontora kan du søkja dersom du er helsesekretær eller er i fagutdanning som helsesekretær, sjukepleiar eller vernepleiar. Sjukepleiarstudentar er og velkomne til å søkja.
  • Du må helst ha fylt 18 år. 
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.

 Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Personlege eigenskapar:

  • Stor interesse for faget og eigen utvikling
  • Blid og serviceinnstilt
  • Gode samarbeidsevner
  • Etterspør rettleiing ved behov
  • Fleksibel, lojal og effektiv
  • Engasjert
  • Stiller til avtalt arbeidstid og overheld evt. turnusavtale

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.03.2025

Tiltreding:

23.06.2025

Arbeidsstad:

Ølen

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: