Vil du vera med oss i tilrettelagte tenester i sommar?
Sommarvikarar
Sommarvikarar i 70-100% stilling i eining tilrettelagte tenester. Me har behov for sommarvikarar i perioden 16.06.2025 til 17.08.2025 både ved Sandeidtun, Sandeid bufellesskap, Gnisten arbeids og aktivitetssenter og Solbakken.
Kva får du jobba med hos oss?
- Hos oss får du jobba med menneske med psykisk utviklingshemming. Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Sommarvikarar arbeidar i team saman med assistentar, miljøarbeidarar og miljøterapeutar.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Du må vera fylt 18 år og det er ynskjelegat du har sertifikat.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar:
- Evne til å setje kvalitet og service i sentrum.
- Påliteleg, omgjengeleg og sjølvstendig.
- Gode samarbeidsevner.
- Kunne vere deltakande i å oppdatere seg fagleg.
- Målretta, kreativ og fleksibel.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
16.03.2025
Tiltreding:
16.06.25 til 17.08.25
Arbeidsstad:
Sandeid bufellesskap, Sandeidtun, Gnisten og Solbakken
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.vindafjord.kommune.no/helse-og-velferd/nedsett-funksjonsevne/tilrettelagde-tenester/Adresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen