Sommarjobb i kjøkkendrift!
Sommarvikar kjøkken
Kjøkkentenesta ligg under Ølen omsorgssenter, men har og kjøkken på Vindafjordtunet. Her er du med å lagar i stand måltida som skal leverast til avdelingane og dagsenter. Ved kjøkken i Ølen lagast og mat som vert sendt ut til heimebuande.
Du arbeidar med flotte fagfolk som veiledar deg i jobben din!
Kva får du jobba med hos oss?
- Reinhald på kjøkken/oppvask, varebehandling mm.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kvalifikasjonar:
- Ønske om at du kan tilbereda mat, men ingen krav.
- Du har god norskkunnskap både munnleg og skrifteleg.
Personlege eigenskapar:
- Du er fleksibel og løysningsorientert.
- Du er fagleg dyktig og brenn for gode måltid.
- Du trives i eit aktivt miljø.
- Du har god samarbeidsevne samtidig som du kan arbeide sjølvstendig.
- Du har godt humør og bidrar til eit godt miljø.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
16.03.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen