Beste sommarjobben med meining!
Sommarvikar i sjukeheim
Som sommarvikar hos oss, enten på Vindafjordtunet eller ved Ølen omsorgssenter, vil du ha ein sommarjobb med meining!
Du vil gjennom stell og pleie, daglege aktivitetar og omsorg- vera med på å gjera dagane til våre eldre betre. Gjennom blant anna måltid og fellesstunder bidreg du til ein trygg og god kvardag for bebuarane våre.
Du vil arbeide med flotte, fast tilsette som veiledar deg og som gir deg opplæring. Dei deler av sin kompetanse med deg slik at du kan gjera din jobb:)
Vindafjordtunet har 2 avdelingar for personar med demens, ei somatisk langtidsavdeling og eigne nattevakter. Ølen omsorgssenter har ein avdeling for kortid/rehabilitering og ei somatisk langtidsavdeling samt natt. Du kan velje i søknaden din kvar du ønskjer å arbeide.
NB: ved arbeid på natt må du vera 18 år eller eldre.
Du kan arbeide ordinære dag/kvelds vakter eller langvakter. Natt har eigen turnusordning. Det er forventa at du arbeidar kvar 2-3 helg og me prioriterar deg som kan arbeide 5 veker i sommaravviklinga i vekene 25-33.
Stillinga er ledig frå 16.06.25 til og med 17.08.2025.
Kva får du jobba med hos oss?
- Ivareta generell pleie og omsorg til bebuarane våre- herunder førebygging, behandling og rehabilitering.
- Stell og dagleg pleie
- Hjelp og bistand i måltider
- Praktiske oppgåver- serviceoppgåver i avdeling
- Aktivitets motivator for våre bebuarar!
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kvalifikasjonar:
- Helsefagleg autorisasjon og bakgrunn er ønskjeleg.
- Søkerar utan formell utdanning men med erfaring og /eller interesse for faget vert og vurdert.
- Grunleggande datakunnskap
- Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper.
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og lærevillig
- Blid og serviceinnstilt
- Etterspør veiledning ved behov
- Gode samarbeidsevner
- Engasjert og effektiv- ser kva som kan bli gjort og tar muligheita for å gå ein tur, lese, spele med bebuarane våre!
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Arbeidsstad:
Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen