Vindafjord kommune

Vil du ha ein spennande og meiningsfull sommarjobb?

Sommarvikar i heimetenestene

Heimetenesten har behov for sommarvikarar i perioden 16.6.2025 - 17.8.2025. Søkandar vert handsama fortløpande. 

Me søker etter engasjerte og dyktige sommarvikarar til heimebuande i Vindafjord kommune. Du kan vera student, assistent, helsefagarbeidar eller sjukepleiar. Heimetenesten i Vindafjord kommune har basekontor i Ølen og Nedre Vats og gir tenester til brukarar som bur heime. Heimetenesta har turnusarbeid fordelt med dag, kveld og helg. 

Indre sone har basekontor på Ølen omsorgssenter og gjer tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Sandeid, Vikedal og Imsland.

Ytre sone har basekontor på Vindafjordtunet og gjer tenester til heimebuande i Vats, Skjold og Vikebygd. Ytre sone gjer og tenester til heimebuande i omsorgsbustadene på Vindafjordtunet.

Dagsenter for eldre, det er 3 dagsenter, eit i Ølen og to på Vindafjordtunet er ope på dagtid måndag til og med torsdag. 

 Kva får du jobba med hos oss?

  • Du vil møta mennesker med ulike helseutfordringar der du skal bistå med støtte og hjelp. Det kan vera både akutte situasjonar og personar med kroniske lidingar som krev langsiktig behandling. 
  • Gi hjelp til brukarar i private heimar.
  • Moglegheit for helgestilling vidare utover hausten.
  • Det er "høgt under taket" med kort veg til fagleg dyktige kollega og leiarar som ynskjer å bety ein forskjell for våre brukarar.
  • Tenesten kan og inkludere praktisk bistand som er reinhaldsoppgåver.
  • Dagsenter for eldre har eigen drift. Det er dagsenter på både Ølen ogmsorgssenter og Vindafjordtunet og me har dagsenterdrift ope måndag til og med torsdag kvar veke.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lukkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Spennande og allsidige dagar på jobb som gir deg brei erfaring.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • Er du student kan Vindafjord kommune kan tilby truleg den beste studentavtalen i distriktet for deg som skal begynne på sjukepleiarstudie, eller dersom du allereie er sjukepleiarstudent som ynskje å ha arbeidsavtale på helgestilling hos oss.

Kvalifikasjonar:

  • Det er flott om har kompetanse eller erfaring innan arbeid med helse og omsorg, men det er ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt.
  • Du må ha grunnleggande IKT kompetanse.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. 
  • Søkjar til indre sone må ha sertifikat, for søkarar til ytre sone er ikkje dette eit krav, men du må vera fylt 17 år.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera fleksibel og ha eit ynskje og evne til å gje god pleie og omsorg.
  • Du har interesse for faget og har eit ynskje om å arbeide med mennesker.
  • Du har gode samarbeidsevner, og tørr å spørre etter veiledning når du har behov.
  • Du er pliktoppfyllande og møter til avtalt tid.
  • Du har godt humør og er serviceinnstilt.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 
  • Søknadar vil bli handsama fortløpande.
  • Viktig at om du søker til ei bestemt sone eller til eit bestemt dagsenter, må dette koma fram i søknaden.
  • Søkarar som kan arbeida 5 veker eller meir i løpet av ferieperioden vil bli prioritert.
  • Heimetenesta i ytre sone kan tilby langvakter.

 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.03.2025

Tiltreding:

Fortløpande

Arbeidsstad:

Heimetenestene

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: