Er du vår nye spesialkonsulent som brenn for orden og struktur?
Spesialkonsulent
Vindafjord kommune avdeling oppvekst søkjer etter spesialkonsulent i 80% fast stilling frå 1. april. Som spesialkonsulent oppvekst vil du få ansvar for mange spennande administrative oppgåver. Døme på det kan vera utarbeiding av rapportar og analyser, samt trekke konklusjonar og fremma løysingsforslag. Journalføring, bestillingar og kontrollfunksjon innanfor eige fagfelt, er nokon av arbeidsoppgåvene du vil møte i tillegg til kjekke kollegaer. Kontoret ditt vil vera på Rådhuset.
Kva får du jobba med hos oss?
- utarbeida rapportar og analyser, samt kunne trekke konklusjonar og fremma løysingsforslag
- ansvar og sakshandsaming innafor delegerte rammer
- kontrollfunksjon innanfor eige fagfelt
- rettleiing av leiarar og andre tilsette innafor det aktuelle fagområdet
- bidra i implementeringa av nye system og vera eit naturleg val som superbrukar
- scanning
- journalføring
- fakturering/refusjonar
- lønn/timelister
- oppfølging attestering av arbeidsavtalar/permisjon/feriar
- oppfølging og bistå einingsleiarar med økonomi/budsjett
- andre oppgåver kan og tilfalle
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kvalifikasjonar:
- relevant 3- årig høgskule-/ universitetsgrad, relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet, stillinga vil da vera konsulent
- gode digitale ferdigheitar
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- god til å samarbeida
- god til å arebida sjølvstendig
- godt humør som bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet
- ønsker å lære nye ting og å tilføre organisasjonen kunnskap
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
11.02.2025
Tiltreding:
01.04.2025
Arbeidsstad:
Rådhuset
Kontaktpersonar:
Anita Jørstad Grindheim
mob: +47 90115497
Nils Erik Eide
mob: +47 98286872
Pål Askvig
mob: +47 91557266
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen