Vindafjord kommune

Vil du ha ein spannande og givande kvardag som leiar for ein heilt ny symjehall ?

Dagleg Leiar Symjehall

I 2025 opnar Vindafjord kommune ein heilt ny symjehall i Vats. Det er to basseng, sklike og flotte fellesområde, samt fasilitetar for tilsette. Vi søkjer no ein engasjert, franoverleint og strukturert leiar som kan sikre eit trygt og imøtekommande miljø i symjehallen.

Stillinga vil vera plassert innan rammeområdet Samfunnsutvikling, under eining for kommunaltekniske tenester.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Sikre god drift av symjehallen innanfor gjeldande rammer
  • Følgje opp daglege arbeidsoppgåver innan mellom anna tryggleik, kundebehandling , billettsal og reinhald
  • Personalleiing for badevaktane
  • Utarbeide turnusar og bemanningsplanar
  • Marknadsføring av anlegget
  • Badevakt
  • Sikre god samhandling med Vindafjordhallen SA

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning er ønskeleg, men ikkje eit krav. 
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Gode symjeferdigheter
  • Grunnleggande livredning og førstehjelp
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å skapa engasjement og positiv blest kring symjehallen 
  • Evne til å planleggja og strukturere drift av symjehallen
  • Evne til å skapa trivsel hos både brukare og kollegaer 
  • Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.

Stillinga er 50 % fast. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

27.01.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: