På leiting etter ein meiningsfull helgestilling?
Miljøarbeidar/miljøterapeut fast helgestilling
Me søker etter miljøarbeidarar/miljøterapeutar til faste helgestillingar ved Hauatunet bufellesskap, på dag/kveld. Me har ledige stillingar i ulike stillingsstørrelsar mellom 15% og 20%, arbeid 3. kvar helg.
Hauatunet er eit døgnbemanna bufellesskap for 8 personar med psykiske utfordingar.
Dersom ikkje kvalifiserte søknadar, kan det verte aktuelt med mellombels tilsettingar, for andre faggrupper.
Kva får du jobba med hos oss?
- Miljøarbeid, tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål, behandling, individuelle samtalar, rettleiing, forholda seg til nye retningslinjer, samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar.
- Sjukepleiar-/vernepleiarstudent.
- Det er ønskeleg med relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B. Bruk av eigen bil kan førekomme.
Personlege eigenskapar:
- Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Robust, trygg og open personlegheit.
- God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Søknadsfrist:
03.02.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hauatunet bufellesskap
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen