Framtida startar her – bli lærling hos oss!
Lærling i kontor- og administrasjonsfaget
Å jobba i kommunen er å jobba med folk. Me følger innbyggerane frå vogge til grav, i alle deler av livet. Som lærling i kontor- og administrasjonsfaget hos oss får du jobba med eit bredt spekter av administrative oppgåver, blant anna sakshandsaming, innbyggarkontakt og service, planlegging og organisering, og aktiv bruk av digitale verktøy. Her kan du få sjansen til utvikling og spennande arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr deg ein perfekt start på karrieren din:
- Ein jobb med meining – Bli ein viktig del av teamet vårt, der du får varierte og spennande oppgåver som gir deg meistringsfølelse og fagleg vekst.
- Eit støttande miljø – Jobb saman med engasjerte kollegaer som er her for å hjelpe deg å trivast, læra og lykkast.
- God opplæring – Vi sørgjer for at du kjem godt i gong i rolla di, med støtte og rettleiing heile vegen.
- Kjekke fordelar – Gratis parkering, rabatt på treningssenter og mykje meir.
- Trygg læretid – Offentleg tenestepensjon, gode forsikringsordningar og lønn i tråd med tariff og avtaleverk.
I tillegg til alt dette får du ein moglegheit til å utvikle deg i ein trygg og triveleg kommune der vi set pris på deg og ditt bidrag.
Kvalifikasjonar:
- Fullført teoretisk utdanning i kontor- og administrasjonfag.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Me ønsker at du er:
- Strukturert – Du likar å ha orden på ting og evnar å halde oversikt over fleire oppgåver samtidig.
- Ansvarsbevisst – Du tek oppgåvene dine på alvor og fullfører det du startar på.
- Serviceinnstilt – Du likar å hjelpe andre og set pris på å skape gode opplevingar for dei rundt deg.
- Lærevillig – Du er open for å lære nye ting og utvikle deg fagleg og personleg.
- Samarbeidsvillig – Du trivst med å jobbe i team og har lett for å kommunisere med kollegaer.
- Nøyaktig – Du har eit auge for detaljar og set kvalitet i arbeidet ditt høgt.
- Initiativrik – Du er ikkje redd for å ta tak i oppgåver eller kome med forslag til forbetringar.
- Punktleg - Du møter opp til rett tid og er påliteleg, slik at kollegaer kan stola på deg.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, men det viktigaste er at du har lyst til å læra og utvikla deg.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.03.2025
Tiltreding:
18.08.2025
Arbeidsstad:
Rådhuset i Ølen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen