Vindafjord kommune

Engasjerte pedagogiske leierar søkes til vårt team!

Pedagogisk leiar

Me søker:

Engasjerte og dyktige pedagogiske leierar søkes til Vågen oppvekstsenter avd barnehage til to faste stillingar:

  • 100% fast stilling fra 13. januar 2025
  • 100% fast stilling frå 1. mars 2025

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Inngå i leiarteam i barnehagen og bidra til samarbeid i drift og utviklingsarbeid
  • Dagleg leiaransvar og overornda administrativt og pedagogisk ansvar for avdelinga
  • Hovudansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa
  • Vera tilstade og løfte fram leik, læring og omsorg i kvardagen, i nært samarbeid med øvrige tilsette og føresette

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar. Dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkjerar kan andre søkjerar bli vurderte.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå barnehage
  • Personen må vera skikka til å jobbe i barnehage difor vil det verta lagt vekt på korleis søkjarane er eigna

Personlege eigenskapar: 

  • Må kunne skapa gode relasjonar til barn, heim og vaksne ved barnehagen
  • Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildebarn
  • Arbeida saman med kollegaer i barnehagen for å lage eit godt miljø for barna og arbeidsmiljø for dei vaksne
  • God på kommunikasjon og samarbeid
  • Du er fagleg engasjert 
  • Du er løysingsorientert 
  • Du er ein varm og tydeleg vaksen
  • Me legg stor vekt personleg eignaheit

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Vågen barnehage er ein del av Vågen oppvekstsenter og ligger sentralt i Ølensvåg. Vågen bhg har eit stort og variert uteområde. Den ligger heilt inntil skog og naturmiljø med eigen hyttelandsby og leikeapparater av naturmateriale i kort avstand til barnehagen

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

24/4546

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.01.2025

Tiltreding:

13.01.2025

Arbeidsstad:

Ølensvåg

Kontaktpersonar:

Sofie Haugland

tlf: +47 53655880

mob: +47 93400190

Adresse:

Snørshaugen 16 5582 Ølensvåg

Kart: