Prosjektstilling overvatn og reinseanlegg
Me søker:
Vindafjord kommune lyser ut ein 100 % prosjektstilling med varigheit i inntil tre år som i hovudsak skal arbeida med kartlegging, planlegging og oppfølging av mindre overvassprosjekt. I tillegg er det ønskeleg at den som blir tilsett kan ta ansvar for planlegging av tiltak på reinseanlegg etter nytt avløpsdirektiv.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Kartlegging av overvatn, kamerakøyring, plan for å separere overvatn/kloakk
- Planlegge og følgje opp mindre prosjekt
- Lage kalkylar og være med på anbodskonkurransar
- Dokumentere utført arbeid og måle inn nye anlegg med GPS
- Samhandling med konsulentar
- Reinseanlegg, gjere seg kjent med nytt avløpsdirektiv
- Kartlegging og vidare planlegging for reinseanlegg
- Prosjektoppfølging av andre mindre prosjekt kan vera aktuelt i periodar
Kvalifikasjonar:
- Helst Teknisk fagskule eller relevant ingeniørutdanning
- Relevant fagbrev/praktisk erfaring frå VA/veg prosjekt er ønskjeleg
- Kunne bruke digitale verktøy og våre kommunale IT-system
- Du må meistre godt norsk munnleg og skriftleg
- Du må ha førarkort for personbil
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar:
- God samarbeidsevne.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Serviceinnstilt og løysingsorientert
- Fleksibel
- Du tar initiativ og held deg fagleg oppdatert
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Stillinga vil høyra til eining for kommunaltekniske tenester, avdeling for vatn, avløp, veg. Stillinga vil vere sjølvstendig og det må påreknast ein del feltarbeid. Arbeidsoppgåvene kan til ein viss grad tilpassast kvalifikasjonane. Oppmøtestad/kontorstad vil vera i Sandeid.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
24/4236
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.12.2024
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Vindafjord kommune
Kontaktpersonar:
Berit Fyljesvoll Haugsland
mob: +47 91350468
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Østbøvegen 2 5585 Sandeid