Å læra norsk er ein viktig føresetnad for god integrering.
Lærar vaksenopplæring
Me søkjer:
100 % vikariat frå snarast og ut skuleåret.
Vindafjord vaksenopplæring er ei avdeling i eining Kultur og læring. Det er åtte lærarar i tillegg til avdlelingsleiar. Elevtalet varierar i tråd med busette flykningar. Vaksenopplæringa held til i Kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen sentrum.
Arbeidsoppgåver:
Undervisning etter integreringslova og opplæringslova. Norsk og samfunnskunnskap etter Læreplan for norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Undervisning i grunnleggjande dugleikar, fag og spesialundervisning på grunnskulen sitt område for vaksne.
Kvalifikasjonar:
- Lærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i vaksenopplæring
- Vidareutdanning i norsk som andrespråk eller tilsvarande er ønskeleg
- God norsk skriftleg og munnleg framstilling
- God IKT kompetanse er ein føresetnad
Personlege eigenskapar:
- Du er engasjert og positiv
- Du tek ansvar og kan både arbeida sjølvstendig og i team
- Du er løysingsorientert og endringdyktig
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
24/4186
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
21.11.2024
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Kultur og læring
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Sjøperlo, Dreganesvegen 40 5580 Ølen