Vindafjord kommune

Me treng deg som likar ein aktiv kvardag i leik og aktivitet med barn!

Barne- og ungdomsarbeidar

Me søker:
Me søker barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt assistent, i inntil 140% stilling. Vikariat frå 01.10.2024 - 01.04.2025, med mogelegheit for forlenging.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • aktivitet knytt til leik, læring, stell og omsorg for barn i alderen 0 - 6 år
  • deltaking i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk aktivitet 
  • bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med føresette 
  • bidra til å utvile barn sine sosiale og språklege ferdigheiter

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller erfaring frå barnehage er ønskeleg

Personlege eigenskapar:

  • Du er god til å byggja relasjonar og sjå kvart enkelt barn.
  • Du er engasjert, tydeleg og ansvarsfull.
  • Du er god til å samarbeida med andre.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

24/3359

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.09.2024

Tiltreding:

01.10.2024

Arbeidsstad:

Sandeid barnehage

Adresse:

Saudavegen 5585 Sandeid

Kart: