Vindafjord kommune

Kan dette være aktuelt for deg eller for nokon du kjenner?

Ringevikarar reinhald

Me søker:

Ringevikarar / ekstrahjelp til reinhald av kommunale bygg i Vindafjord kommune.

Tiltreding snarast. Søknadar vert vurdert fortløpande.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Me har behov for deg som kan og har lyst til å vera ringevikar på kort varsel.
  • Det kan vera reinhald på eit kommunalt bygg i eiga bygd, eller i kommunen generelt.
  • Oppdrag kan vera kortvarige, men også daglege over noko tid.

Kvalifikasjonar:

  • Beherske norsk muntleg og skriftleg.
  • Opplæring vert gitt, men kunnskap og erfaring med reinhald er ein fordel.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Pliktoppfyllande og ansvarsfull
  • Serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Helse og kapasitet iht arbeidets art

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

24/3220

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.09.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Vindafjord kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Østbøvegen 2 5585 Sandeid

Kart: