Vindafjord kommune

Ringjevikarar ved tilrettelagde tenester

Me søker:

Deg som har litt tid til overs og ynskjer å bruke denne tida til meiningsfylt arbeid saman med oss andre i Tilrettelagte tenester. Søknadar vert vurdert fortløpande.

Om arbeidsplassen:

Tilrettelagte tenester har bufellesskap i Ølen og Sandeid, samt eit arbeids og aktivitetssenter i Sandeid. Me kan tilby ein trivelig arbeidsplass med gode kollegaer og spanande og varierte arbeidsoppgåver. Bufellesskapa er heildøgnbemanna og er for menneske med psykisk utviklingshemming.

Hovudarbeidsoppgåver:

Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Ringjevikarane arbeider i team med assistentar, miljøarbeidar og miljøterapeutar. 

Kvalifikasjonar:

Søkjar må ha gode norskspråkferdigheter. Du må vera fylt 18 år og det er ynskjeleg at du har sertifikat.

Det er ulike turnusar på dei ulike avdelingane, slik at turnus kan ha langvakter, dag/kveld og nattevakter Arbeidet er turnusarbeid med langvakter kvar tredje helg.  Vi oppfordrar vernepleiarstudentar og anna helsepersonell under utdanning om å søkje.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å setje kvalitet og service i sentrum
  • Påliteleg, omgjengeleg og sjølvstendig
  • Gode samarbeids evner
  • Kunne vere deltakande i å oppdatere seg fagleg
  • Gode evner til leiing av teamarbeid
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
  • Målretta, kreativ og fleksibel
  • Systematisk og analytisk
  • God studentavtale for høgskulestudentar med relevant helse og sosialfagleg studieretning

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

24/3219

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

24.09.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Ølen og Sandeid

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: