Vindafjord kommune Helse

Fastlegevikar ved Vikedal legekontor

Me søker fastlegevikar hos oss i Vindafjord kommune - Vital og sentral

Me søkjer deg som er ansvarleg, handlekraftig, fleksibel og som likar å arbeide med mennesker.

Me har ledig vikariat ved Vikedal legekontor frå 01.10.24 og ut året med muligheit for forlenging eller fast tilsetjing Stillinga  inneholder også 30% stilling som tilsynslege ved Sandeid fengsel.

Vikedal legesenter: 

Her blir du eindel av ein trivelig liten gruppepraksis midt i idylliske Vikedal sentrum. Gruppepraksisen består av to legeheimlar. Fastlegelista er godt etablert og har 1000 innbyggerar på lista. 

Som tilsynslege i Sandeid fengsel en dag i uka, får du kjennskap og innsikt i eit spennande fagfelt som er med å øke din kompetanse og utvikling. Her møter du erfarne og dyktige sjukepleierar.

Me tilbyr:

Gode inntjeningsmuligheiter gjennom 8.2 avtale,der kommunen driftar legekontoret. Avlønning som tilsynlege kjem i tillegg.

Ein arbeidsplass med stor mulighet for fagleg utvikling, solid hjelpepersonell og gode lokaler.

Vindafjord kommune tilbyr ei solid interkommunal legevaktordning som ivaretar turnus ihht arbeidsmiljøloven og har 17-dels vaktordning.

Legevakta er interkommunal med Etne kommune og har gode fasiliteteter samlokalisert med Ølen legekontor.

Nåverande fastlegar er sjølvstendig næringsdrivande med 8.2 avtale med kommunen. 

NB. Kommunen er behjelpelig med bolig de første månadene,men plass til familie dersom ein tar ei rask beslutning.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Fastlege oppgåver
  • 30% stilling som tilsynslege ved Sandeid fengsel.
  • Pliktig deltaking i Interkommunal legevakt, herav 17-delt vaktbelastning med bemanna legevaktsentral og god fastløn for vaktarbeidet

Kvalifikasjonar:

  • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
  • Fylle krava til Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse – og omsorgstenest
  • Norsk autorisasjon
  • God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge som lege
  • Gode ferdigheter i kommunikasjon og samhandling
  • Må kunne norsk skriftleg og munnleg
  • Legekontoret og legevakta nyttar Hove total journalsystem/pasientsky.
  • Legen må ha førarkort og disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar:

  • Du må lika å arbeida sjølvstendig og ta ansvar
  • Du må ha evne til fleksibilitet, handlekraft,vera omgjengeleg og trivast med almennmedisinsk arbeid
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Me kan tilby:

  • Vindafjord kommune er godkjent som utdanningsvirksomhet
  • Kommunen tilbyr muligheit for spesialisering (ALIS)
  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Legetenesta i Vindafjord kommune:

Kommunen har totalt 3 legekontor, (Vikedal legekontor,Ølen legekontor og Vindafjord legesenter.) Totalt 12 fastlegar + 1 Lis 1 lege.

Sjekk ut https://www.vindafjord.kommune.no/

For meir info om stillinga,ta kontakt med:

  • Maren T Hustoft 92482820 - Einingsleiar helse - Maren.Hustoft@vindafjord.kommune.no

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Del på:

Referansenummer:

24/3290

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.09.2024

Tiltreding:

01.10.2024

Arbeidsstad:

Vikedal legekontor

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: