Vindafjord kommune

Nye Sandeid og Imsland oppvekstsenter

Einingsleiar Sandeid og Imsland oppvekstsenter

Me søker:

Eingingsleiar Sandeid/Imsland oppvekstsenter. 100% fast med kontor i Sandeid og Imsland.

 

Sandeid og Imsland oppvekstsenter søker ny einingsleiar til sine fire avdelingar frå august 24. Sandeid oppvekstsenter tel 112 elevar på avdeling skule med rundt 20 tilsette og avdeling barnehage med rundt 57 barn fordelt på fire avdelingar og 14 tilsette. Oppvekstsenteret ligg sentralt i Sandeid med flotte naturområder. Det siste året har avdeling skule fått eit flott uteområde med masse nye leikeapparater. Barnehagen er i full gong med oppgradering av sitt  uteområde i desse dagar. Skulen har fine klasserom og eit godt opparbeid skulebibliotek. Spesialrom som musikk, mat og helse-  og kunst og handverkssal er ganske nyleg oppussa. Her er det gode moglegheiter til å «trylle» fram både fin musikk, god mat og fine handverksprodukter.

 Imsland oppvekstsenter tel 24 elevar  og tre tilsette. Avdeling barnehage har ni barn og to tilsette. Oppvekstsenteret ligg flott til midt i Imsland med skjønn natur. Oppvekstsenteret er lokalisert i eit koseleg fellesbygg med trivelege avdelingar.

 På oppvekstsentra er det og ein dyktig avdelingsleiar i full stilling.

 

Håper du har lyst til å søke på denne spennande jobben.

 

Hovudarbeidsoppgåver:

Som einingsleiar vil du vera ansvarleg styrar og rektor, du blir ein del av både styrar- og rektorgruppa som består av engasjerte einingsleiarar frå alle barnehagane og skulane i Vindafjord. Sandeid oppvekstsenter består i dag av ein barnehagedel og ein skuledel med SFO. Frå 1. august 2024 blir einingsleiar på Sandeid oppvekstsenter også ansvarleg for Imsland oppvekstsenter. Som ny einingsleiar blir du med å forma korleis ein skal organisera og drifta oppvekstsentera. Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av barnehagen og skulen. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid, i tillegg til avdelingsleiar i 100 % stilling og ein administrasjonressurs knytt til den ekstra drifta av Imsland oppvekstsenter. Utanom dette er det også administrasjonsressurs til leiing av SFO. 

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda i barnehagen og skulen.Vindafjord kommune har høge ambisjonar for barn si utvikling og elevane si læring. Det er tydelege forventingar til einingsleiar som overordna pedagogisk leiar. 

Einingsleiar rapporterer til barnehage- og skulesjef.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent barnehage- eller lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse
  • Leiarutdanning (rektorskulen/styrarskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
  • Strategisk innsikt og visjonar for oppvekstsentera si pedagogiske utvikling
  • Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig
  • Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode personlege eigenskapar 
  • God til å kommunisera resultat, identifisera utfordringar følgja opp tiltak 
  • Meistrer norsk på ein god måte, både skriftleg og munnleg. Vindaford er ein nynorsk kommune

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

24/1549

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Sandeid og Imsland

Adresse:

Saudavegen 5783 5585 Sandeid

Kart: