Vindafjord kommune

Vindafjord kommune har mange muligheiter til deg som vil vera ferievikar hjå oss i år!

Ferievikarar innan helse og omsorg

Som ferievikar må du kunne arbeide i perioden 17.06. - 31.08 der du arbeidar anten dag, dag/kveld, langvakter eller natt. Du som kan arbeide 80 – 100 % i perioden vil verta prioritert.

Nokre tenester vil ein som ferievikar måtte har førarkort  klasse B.

Vil du vera med på spanande dagar – oppleva- utforske og finna ut av dei ulike yrkene me kan tilby innan Helse og Omsorg i Vindafjord? Kanskje er det innan helse du og vil utdanne deg på sikt?

Me kan lova deg travle dagar, rolege dagar, kunnskapsrike dagar, spanande dagar, glade dagar og me kan lova at ingen dagar er kjedelege! Du får arbeida med kompetente og flinke folk og er velkommen til oss! 

Alle som arbeidar innan helse må kunne levera godkjent politiattest.

Desse stadane treng me ferievikarar til:

  • Interkommunal Legevakt
  • Kommunale legekontor
  • Heimetenesta
    •   Ytre Sone (Nedre Vats)
    •  Indre Sone (Ølen)
    •  Dagsenter for eldre og for personar med demens
  • Institusjon
    • Ølen Omsorgssenter
      • Somatisk Langtid
      • Korttid Rehabilitering
      • Natt
    • Vindafjordtunet
      • Demensomsorga
      • Somatisk Langtid
      • Natt
  • Rus og psykiatri
    • Fengselshelseteneste Sandeid fengsel - Dagtid
    • Dagsenter – avdeling psykisk helse og rus- Dagtid
    • Hauatunet – Bufellesskap - Turnus
  • Tilrettelagte tenester
    • Solbakken- Bufellesskap - Turnus
    • Sandeidtun –Bufellesskap- Turnus
    • Sandeid bufellesskap – Bufellesskap (For tiden i Ølen sentrum) - Turnus
  • Kjøkkendrift Vindafjordtunet og Ølen Omsorgssenter

Ved legevakt og fengselshelsetenesta kan berre sjukepleiarar søke.

Ved kjøkken søker ein både kjøkken assistent og utdanna kokk.

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta generell pleie og omsorg til brukarane våre som aktivitet, måltid, stell og dagleg pleie
  • Praktiske oppgåver - serviceoppgåver
  • Aktivitets motivator for våre brukarar

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagleg autorisasjon og bakgrunn er ønskjeleg
  • Søkarar utan formell utdanning, men med erfaring og /eller interesse for faget vert og vurdert
  • Grunnleggande datakunnskap
  • Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar
  • Me prioritetar deg som kan:
    • Kan arbeida der behovet for vikarar er størst
    • Kan arbeida 80- 100% i perioden der våre tilsette avviklar ferie

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og lærevillig
  • Blid og serviceinnstilt
  • Etterspør veiledning ved behov
  • Gode samarbeidsevner
  • Engasjert og effektiv- ser kva som kan bli gjort og tar muligheita for å gå ein tur, lese, spele med bebuarane våre 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Søknadsfrist 31.03.24  tilsetting skjer fortløpande.

Vil du veta meir om dei ulike tenestene? Sjå våre nettsider og finn eininga der du er ønsker sommarjobb!

Alle tenestene vil ha behov for vikarar utover hausten så dette kan vera din muligheit til vidare arbeid????

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

24/325

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vindafjord kommune

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: